Mører barne- og ungdomsskule-129.jpg

Om Møre barne- og ungdomsskule

”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

— Skulen sin visjon

Mører barne- og ungdomsskule-4.jpg

Grunnskule 1-10

Skulen tilbyr i dag opplæring frå 1. til 10.klasse for elevar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. Skulen har i fleire år hatt omlag 150 elevar. Skulen har høgt kvalifisert undervisningspersonale og vektlegg god kompetanse og klasseromsleiing som viktige faktorar for undervisninga.

Mører barne- og ungdomsskule-68.jpg

Om skulen

Møre barne- og ungdomsskule er ein kristen privat grunnskule i Herøy kommune. Skulen sin visjon er knytt til orda kvalitet, kunnskap, kjennskap og karakter, og lyder slik: ”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

 
Møre barne- og ungdomsskule.jpg

Skulebygg og utleige

Skulen vart etablert i 2004 og har i dag nye skulebygg frå 2008-2009. Skulen har gode lokaliteter til både teoretiske og praktiske fag med blant anna idrettshall (324 kvm), garderober, kjøkken, amfi (84 plassar), sløydsal, musikkrom, grupperom, møterom og bibliotek.

Mører barne- og ungdomsskule-90.jpg

Søknad og opptak

Skulen tek inn elevar på 1.-9.trinn og gjev tilbod om skuleplass til dei første som søkjer for kvart skuleår. Skulen er open for alle elevar som søkjer om skuleplass. Skulen gjer i mars opptak av nye elevar for oppstart hausten, men kan ta inn elevar fram til 1.september dersom det er ledige plassar. Søkjarar vert tilbydd skuleplass kronologisk etter når dei søkjer, og det vert difor tilrådd å søkje tidleg. Skulen har pr i dag søknader fram til skulestart 2029.

 
Mører barne- og ungdomsskule-58.jpg

Økonomi

Skulen mottek statsstøtte som tilsvarar 85 % av det kommunene mottek for offentlege skular. Dette vert kompensert med skulepengar. Satsar (pr år) for skuleåret 23/24:

  • 8. -10. klasse: kr 12 000, -. Dette dekker også skule-Mac og avsluttande tur på 10.trinn.

  • 5.-7. klasse: kr 6000,-

  • 2.-4. klasse: kr 4000,-

  • 1. klasse: kr 0,-

Søskenmoderasjon: Barn nr 2 får 25 % rabatt. Barn nr 3 får 40% rabatt. Skulen har i tillegg stipendordning for familiar med svak økonomi slik at skulen skal kunne vere open for alle elevar, uansett økonomi. 

Mører barne- og ungdomsskule-144.jpg

Identitet

Skulen er stifta av Sunnmøre Indremisjon og grunna på det kristne trus- og verdigrunnlaget. Skulen vil i alt sitt virke søkje å gje elevane det beste dei kan få for både livet og det evige livet. Trivsel, tryggleik og læring er viktige faktorar for skulekvardagen. Skulen legg vekt på at elevane skal få utvikle refleksjon, kritisk tenking og sjølvstendig identitet kring viktige val i livet, både med omsyn til etisk tenking, verdival, utdannings- og yrkesval og refleksjon over livssyn.