Mører barne- og ungdomsskule-84.jpg

Jobbe på Møre?

Det er i underkant av 40 tilsette på Møre, noko som betyr at det jamnleg vil vere behov for nye tilsette, som lærarar, miljøterapeutar, assistentar, SFO-tilsette eller rektorar. I utgangspunktet ynskjer vi å ha draumelaget klart frå 1. august, og hovudtilsettingsprosessen går frå vi lyser ut stillingar for neste skuleår i januar/februar og fram mot sommaren. Det er likevel slik at gjennom skuleåret kjem det endringar som gjer at det stadig vil vere behov for nye kort i personalkabalen. Vi har derfor frå tid til annan behov for nye tilkallingsvikarar, lærarar, assistentar, miljøterapeutar, SFO-tilsette, rektorar eller andre stillingar i korte vikariat, vikariat ut skuleåret, lengre vikariat eller faste stillingar.

Kunne du tenke deg å bli med oss på å skape ein god kristen skule, eit godt arbeidsmiljø og ein skule der alle kjenner seg velkomne? Ta gjerne kontakt med oss! Kanskje er DU akkurat den vi treng akkurat no, kanskje er du ein vi treng ein gang i framtida, eller kanskje ligg di framtid ein annan plass. Vi har allereie eit solid lag på huset, men er stadig på jakt etter dei rette brikkene for å setje saman eit draumelag! Fortel oss gjerne litt om deg sjølv, kanskje er det nettopp du som er riktig brikke for oss.

Ta gjerne kontakt på post@moreskule.no

Ledige stillingar:

Assistent/miljøterapeut

Møre barne- og ungdomsskule treng fleire gode vaksne med på laget frå hausten. Vi lyser derfor ut stillingar som assistent og miljøterapeut.

Møre barne- og ungdomsskule er ein kristen friskule for 1.–10. trinn. Vi ønskjer å vere ein skule der elevane vert sett, møtt og utfordra både fagleg, sosialt og menneskeleg. Som kristen skule byggjer vi arbeidet vårt på eit kristent verdigrunnlag, og vi ønskjer medarbeidarar som kan arbeide lojalt i tråd med dette.

Stillingane kan vere aktuelle både på mellomtrinnet og ungdomstrinnet, alt etter behov, kompetanse og korleis personalkabalen vert lagt. Vi ser etter trygge, tydelege og varme vaksne som ønskjer å vere tett på elevar i skulekvardagen, og som vil bidra til læring, meistring og eit godt skulemiljø.

Om stillingane:

Som assistent eller miljøterapeut vil du arbeide tett på elevar, lærarar og leiing. Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere:

  • støtte og oppfølging av enkeltelevar og grupper

  • hjelp i undervisningssituasjonar

  • arbeid med klassemiljø, trivsel og sosial utvikling

  • praktisk tilrettelegging i skulekvardagen

  • deltaking i friminutt, aktivitetar og overgangssituasjonar

  • samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar ved behov

  • bidra til ein trygg, strukturert og god skulekvardag for elevane

For miljøterapeutstillinga ønskjer vi særleg søkjarar med relevant utdanning eller erfaring innan arbeid med barn og unge, miljøarbeid, sosialpedagogisk arbeid, barnevern, vernepleie eller liknande.

For assistentstillinga vil personlege eigenskapar, erfaring og evne til å skape gode relasjonar vere svært viktig.

Vi ser etter deg som:

  • er trygg, varm og tydeleg i møte med barn og ungdom

  • likar å arbeide med elevar som treng støtte, struktur og oppmuntring

  • har evne til å byggje gode relasjonar

  • er fleksibel og samarbeider godt med andre

  • kan vere ein stabil og positiv vaksenperson i elevane sin kvardag

  • har god vurderingsevne og evne til å stå støtt i krevjande situasjonar

  • ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø

  • kan arbeide lojalt i tråd med skulen sitt kristne verdigrunnlag

Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

Vi tilbyr:

  • ein meiningsfull arbeidskvardag i møte med barn og ungdom

  • eit godt og engasjert arbeidsmiljø

  • tett samarbeid med lærarar, miljøpersonale og skuleleiing

  • varierte arbeidsoppgåver

  • høve til å vere med og påverke kvardagen til elevane

  • løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk for skulen

Tilsetjingsvilkår

Tiltreding frå skulestart hausten 2026, eller etter avtale. Stillingsstorleik vert fastsett etter behov og kompetanse.

Den som vert tilsett, må kunne arbeide lojalt i tråd med skulen sitt kristne verdigrunnlag.

Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. privatskulelova § 4-3.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Referansar vert innhenta etter avtale.

Vi ønskjer eit mangfaldig personale, og menn vert særleg oppmoda om å søkje.

Søknad

Søknad med CV kan sendast til:

E-post: post@moreskule.no

Merk søknaden med: Assistent/miljøterapeut

Søknadsfrist: 05.06.2026

Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor Knut Einar Tokheim.

Ta gjerne kontakt på rektor@moreskule.no, eller ring 700 80 550

 

Tilkallingsvikar

Ta gjerne kontakt på rektor@moreskule.no om du kan tenkje deg å stå på ringevikarlista vår. Som vikar må ein vere sterk på klasseleiing og relasjonsbygging, kunne møte elevane med eit smil, med respekt og med forutsigbare og trygge grenser. Sjølv om ein som oftast får eit vikaropplegg i handa, må ein vere klar til å både ta ting på sparket og å vere kreativ på å skape målretta og meiningsfulle timar på eiga hand.

 

Open søknad ?

Send gjerne ein open søknad med nokre ord om deg sjølv til rektor@moreskule.no dersom du har vore inne på tanken om at Møre kan vere ein aktuell arbeidsstad. Sjølv om det ikkje ligg ute konkrete stillingsutlysingar akkurat no, er dette noko som kan endre seg, både på kort og lang sikt. Kanskje er du/de på flyttefot den næraste tida, eller til neste skuleår? Ta gjerne kontakt, så tek vi ein prat!

 
 

Rektor

Er du vår neste rektor?

Eg, Knut Einar Tokheim, er tilsett i stillinga som rektor her på Møre barne- og ungdomsskule. For tida trivst eg utmerka i den stillinga. Eg har eit solid team rundt meg i form av dyktige avdelingsleiarar med personalansvar for sine tilsette, ein drift-/ikt-ansvarleg som kan fikse det meste, ein effektiv kontormerarbeidar med stålkontroll på system og ein drivande dyktig spespedkoordinator/rådgjevar. Det er både kjekt, givande, utfordrande og spanande å vere rektor her på Møre. Det kjem likevel ein dag der dragninga mot klasserommet vert for stor, og eg kjenner behov for å gå tilbake til ei stilling med meir undervisning. Vi er derfor på utkikk etter nokon som kan ta over rektorstillinga ein gong i framtida. Skulle rette vedkommande dukke opp, kan vi vere fleksible på tidspunkt for oppstart. Kjenner du nokon som du trur kunne vere rett person på rett plass i rektorstillinga her på Møre, tips gjerne oss og/eller vedkommande om døra som står på gløtt.

Ta gjerne kontakt på rektor@moreskule.no, eller ring 700 80 550