ledig skuleplass til hausten

Skulen opplever god søking til neste skuleår, og ser ut til å gå mot ny rekord i tal på elevar. Likevel er det framleis ledige plassar på alle trinn.

LEDIGE STILLINGAR SKULEÅRET 2017/2018

Møre barne- og ungdomsskule har starta tilsetjingsprosessen for skuleåret 2017/2018. Det vert ledig minimum to faste 100%-stillingar som lærar, i tillegg til årsvikariat både som lærar og assistent. Deltidsstillingar kan verte vurdert. Søknadsfrist er onsdag 1.mars 2017. Les meir her.

Møre barne- og ungdomsskule

Møre barne- og ungdomsskule er ein kristen privat grunnskule på Søre Sunnmøre. Skulen sin visjon er knytt til orda kvalitet, kunnskap, kjennskap og karakter, og lyder slik: ”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

Skulen tilbyr i dag opplæring frå 1. til 10.klasse for elevar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. Skulen har dei siste åra hatt mellom 90 og 125 elevar. Skulen har høgt kvalifisert undervisningspersonale og vektlegg god kompetanse og klasseleiing som viktige faktorar for undervisninga.

Les meir om skulen i toppmenyen "Om skulen".

FORELDREPULSEN

I tida framover vil det verte presentert aktuelt skulestoff for foreldre her på nettsida. Bla i menyen eller klikk deg inn i arkivet - mykje spanande å lese frå Foreldrepulsen.no.

Engasjerte føresette gjev betre læring!

 FORELDREPULSEN

itslearning_mai_2014.png
facebook_mai.png
   INNTAK AV ELEVAR
TILSETTE
SFO
LINKAR
STILLING LEDIG
SKULERUTE



   HEIM
OM SKULEN
KONTAKT
KONTAKT SFO
SØKNADSSKJEMA
OFTE STILTE SPØRSMÅL



web_more2_its_learning.png
ohhellyes.png