| | |
| |
Lat dei små borna koma til meg, hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.
Barnetrinnet har vanlegvis 10 til 15 elevar pr klasse. Skulen opplever at elevane kjenner seg trygge, og at dei vert sett og høyrde.
Dette gjer skulekvardagen både meiningsfull og god.
- Morgonsamling
Kvar morgon vert dei gode forteljingane i Bibelen formidla gjennom ord, bilete, song og musikk.
- Turar
Dei minste elevane har turdag kvar veke, i tillegg til ulike turar for alle i skog og fjell. 7.trinn har ein lengre avslutningstur.
- Leik og moro
Skulen har eit stort leikeområde ute, eigen aula for fellesskap og samspel og tilgang til idrettshall for felles aktivitetar.
- SFO
Barnetrinnet har trygg SFO til dei minste elevane både før og etter skuletid. Mat og lesestund er faste programinnslag. I tillegg varierer innhaldet mellom aktivitet i hall, sløydsal, musikkrom, hobbyrom og fri leik ute og inne.
"Det beste med Møre er å sjå at guten min blir trygg av å vere der, og han får vekse og modnast i eit oversiktleg læringsmiljø .”
- Mor, barnetrinn | | | | |
|
| |
| |
| | |