Møre barne- og ungdomsskule.jpg

Skulebygg og utleige

Skulen vart etablert i 2004 og har i dag nye skulebygg frå 2008-2009. Skulen har gode lokaliteter til både teoretiske og praktiske fag med blant anna idrettshall (324 kvm), garderober, kjøkken, amfi (84 plassar), sløydsal, naturfagsrom, musikkrom, grupperom, møterom og bibliotek.

 

Amfiet og alle rom i ungdomsskuleseksjonen er utstyrt med naudsynt IKT- og mediautstyr. I 2012 vart skulen utbygd med eiga avdeling for barnetrinnet, og i 2016 var det bygd ny personalavdeling. Skulen framstår med det som ein komplett og romsleg 1.-10.skule på omlag 3 000 kvm. Skulen tilbyr i dag utleige av hallen og ulike rom på ettermiddag og kveldstid. Skulen har adresse Industrivegen 1 og er lokalisert på Myrvåg serviceområde, nær Pekas og Myrvåg helsesenter, med god bussforbindelse til alle kommuner.